Utsikten frå Siv sin leighenheit, litt annsleis enn Spania...
Så var eg her igjen. Kjekt å vere framme etter lang flytur som ikkje var så lang likevel. Falke var på plass. Sat i bilen og blinka med lommelykta si då eg kom ut av terminalen. I den raude Suzukien bilen fekk eg akkurat plass til kofferten ståande i bagasjerommet bak. Bilen som Falke kjøpte for 6000 for ein måned sidan, gjekk som ei kule…Litt lydar her og der, Falke likte betre Peugeoten – den større og var sikrare. Han seier han berre ska ha den i eit år. Han er jo på veg inn i militæret frå januar.
Falke sin bil. Ein 1993 modell suzuki Swift trur eg
Heime i Schancheholen var det reint og ryddig. Eg spøkar med det aldri har vore reinare og ryddigare…. Kitty Karina sin katt, Simpli, lå midt i stuegolvet i korga si! Litt skeptisk til meg, men ellers kosen. Tok eit bilete med mobilen og sendte til KK. Ho savner katta si… Kristoffer, den eine leigebuaren skulle køyrast til byen, men han ville bli heime likevel (Han og Falke er mykje heime saman med dei to andre fortel Falke) . Køyrde så til Siv og blei varmt moteken av Siv, Åsne og Rita. Rita var komen frå Bergen rett før på overraskesesvitjing til Åsne si bursdagsfeiring!
Rita og Åsne tok imot. Åsne med halloween sminke ennå inntakt!
Dag Bjørnsen kom innom ein tur. Han blei her ein stund. Koseleg. Eg viste Dag med til mor, Hanna, i 2. etasje. Har tenkt på det mange gonger før. Dag møtte og slekta hennar på Hovland i Bjerkreim kommune nokre gonger heilt i starten på sekstitalet.
Dag han fann den gamle familiehytta på bilete hos Hanna
Familie deira hadde hytte der oppe, eit steinkast frå bestefar min, Anton, sin gard. Mor er er 91 år, hugsar Bjørnsenfamilien ja, men kjende ikkje att Dag.
Han køyrde meg til Pedersgaten og eg drog til Astri. Hun tok varmt imot, som alltid. Ho har fått det sers triveleg i huset sitt i Risbakken.
Her føler du at du kjem til ein god heim
En god kopp kaffi (to var det vel), og ein god samtale!
Astri forlet stua for Svalbard i eit par månader. Skal besøke sonen Mads som bur der.
Richard var og heime. Kjekt å sjå han igjen – hadde mange gode ord og råd frå sine turar til Altea for nokre år sidan.
Op på loftet
Malarsvennar?
Rett over gata holt Olav Petter og Anne Grete på med å male på loftet. OP har jobbe lenge med det loftsprosjektet, men så blir det veldig flott og, med Stavangers finaste sjøutsikt!! Gikk over storhaug i kald kuling frå øst…. Huttetu – Tenkjer på Unni og Kitty Karina (og Odin og Helene) som har 26-28 grader nett no!
Det fine loftet som OP har laga nærmar seg fullføring.
Selskap for Åsne sin 13 års-dag
Aasny, Stein, Kjartan, Vivild, Steinar, Merete og Hanna. Falke kom og. Og Anders med kona Mette. Rita, Siv og Åsne hadde stelt til eit fint selskap med goooood kyllingsuppe og heeerlege kaker!
Åsne var 13 år på 24. oktober. På sundag var me 13 samla for å feire!
Og her er nokre av stemingane!
Rita si kyllingsuppe må bare prøves! Det meiner eg.
Mmmm...mmm... og Fucasiabrød heimelaga!
Åsne og Marte hadde laga smågodt m marsipan og gele
To ferske (og freske!) tenåringar i familien!
kven er høgast no?
Ein 1957modell Volkswagen....
Åshild Simonsen hadde bursdag her nyleg. Måtte j ta med ein liten presang til henne. Blei invitera til norsk mat hos dei på Jåttå. Det var kjekt å se dei igjen!
Norsk husmannskost er alltid godt!